411 92 048 post@vti-ski.no

Bendit rulleskifestival på Markane

VTI-ski Ukategorisert Bendit rulleskifestival på Markane

Bendit rulleskifestival på Markane

Med godt skiføre  fjordårssesongen er det viktig å kome godt i gang for neste sesong. Det var derfor ein gjeng på 10 utøvarar som reiste frå Volda for å vere med på rulleskiskyting i Stryn både Laurdag og søndag.

Laurdag var det sprint for alle klasser og søndag vart det normalprogram. Rulleski er reservert for dei som er 13 år og eldre og for dei yngste var det springing og skyting. Mange var spente på formen etter lang konkurransepause. Kjekt og lærerikt å sjå  mange gode utøvarar frå heile landet konkurrere i seniorklassane.

I Nybyrjarklassa hadde vi ingen deltakarar, då skiskyttarskulen ikkje startar før etter haustferien. I 11 års klassa hadde vi 3 deltakarar, dei sprang fort og skaut litt varierande, men alle tre hadde minst ei god serie i den sterke vinden på Ullsheim. Johanne Hoggen Totland fekk 3 treff på sprinten, Vetle Dalebø Mork trefte 4 på Normalprogrammet, men det var Signe Meek Aaslid som klinka til med den beste skytinga og fekk heile 8 treff på sprinten.

Turi Lise Totland, Fredrik Nærum Wold og Hallvard Engeset Woldsund er i 13 års klassa og har sin første sesong utan støtte på skytinga. Det meistra dei fint og Fredrik klinka ned 5 blinkar på sprinten og 6 blinkar på normalprogrammet. Hallvard smelte like så godt ned 7 blinkar på normalprogrammet.  Dette er ein vanskelig overgang som alle meistra strålande. Det er litt skummelt å gå renn på rulleski, då farta vert ganske stor i nedoverbakkane. Turi Lise Totland var den av våre løparar som hadde størst suksess i Markane denne helga. Ho feide ned 6 blinkar på sprinten og heile 8 på normalprogrammet, og med det vann ho klasse jenter-13 begge dagar.

I klasse gutar 15 år deltok Torjus Engeset Woldsund begge dagar medan Jens Hauge var med på sprinten. Torjus sleit seg opp på pallen laurdag med 4 treff og stor fart i løypa, og var storveges fornøgd med tredjeplassen på sprinten. På normalprogrammet skaut han 7 treff, men alle dei andre skaut også godt denne dagen, slik at det BRMBilde_9resulterte i ein 4. plass. Jens plundra litt meir med skyting og fart og vart nummer 5 på sprinten.

I Juniorklassane deltok Torgeir Hauso i menn 19 år på sprinten, der han med 7 treff viste gode takter, sjølv om han ikkje greidde å slå minstebror Bø denne dagen. Lars Erik Telseth har vore sjuk siste månaden og deltok berre på normalprogrammet, der dei har 4 skytingar i klassa menn 18 år. Han er god til å skyte og vart nummer 2, sjølv om det er langt igjen til topp langrennsform.

?

?

?

?

?

Stikkord: ,