411 92 048 post@vti-ski.no

Skiskytterskule

VTI-ski Ukategorisert Skiskytterskule

Skiskytterskule

VTI Skiskyting gledar oss over ny skiskytterarena på Reset, no også med asfalt for rulleskitrening. Då har vi anledning til å ta imot fleire som ynskjer å drive med skiskyting. Volda Skisenter, Reset, ligger innanfor 45 minutt køyring frå Ørsta, Volda, Ulstein, Herøy og Hareid kommune. Vi har no såleis eit tilbod til mest heile søre Sunnmøre til å drive skiskyting.
Vi ynskjer å starte dei nye rekruttane på rett måte og vil difor følgje Norges skiskytterforbund sitt kompendium for skiskytterskulen. Skiskytterskulen vil foregå på Reset, og gå over 6 mandager og 2 laurdagar, med 10 leksjonar totalt. 5 leksjonar med joggesko først, og  5 leksjonar på rulleski eller på snø.
VTI Skiskyting har gevær og rulleski til bruk på skiskytterskulen, medan deltakarane sjølv må syte for treningskle og skiutstyr.
Skiskytterskulen vil gi innføring i Sikkerhetsbestemmelser og rutiner, våpen og skyteteknikk, Skiutstyr og konkurransetilbod, Ski og skyteteknikk og forskjellige treningsformer både på ski og barmark. Deltakarane vil verte oppdelt i 2 grupper med 10 stk i kvar gruppe, dette fordi vi har 10 gevær til disposisjon. Maksimalt antall deltakarar vert difor 20 stykk. Dei første 20 som melder seg får plass.
VTI Skiskyting har planar om ny runde med skiskytterskule også hausten 2016. Dei som eventuelt ikkje får plass i denne omgong, kan stille på langrennstrening på Reset frå nyttår, tirsdagar kl 18-1930, så vert dei prioritert til neste skiskytterskule hausten 2015.

Stikkord: ,