411 92 048 post@vti-ski.no

Sesongstart for skiskyttarane i Hornindal

VTI-ski Ukategorisert Sesongstart for skiskyttarane i Hornindal

Sesongstart for skiskyttarane i Hornindal

VTI Langrenn og skiskyting skulle laurdag, i samarbeid med dei andre klubbane i krinsen, arrangere krinsrenn i sprint på Reset i Volda. Snømangel i Volda medførte flytting til Hornindal skisenter. Der var der så vidt nok snø, slik at arrangementet kunne gjennomførast.

VTI stilte med ein stor tropp av løparar, funksjonærar og støtteapparat. 20 deltakarar frå VTI Langrenn og skiskyting fullførte konkurransen i regnværet i Hornindal.

Av dei 20 deltakarane var det 8 nybyrjarar som fullførte skiskytterskulen for berre 2 veker sidan. Dei gjorde sine saker bra, og særleg Synne Melle Lundberg som debuterte med 10 av 10 treff på skytinga i sitt aller fyrste skiskytterrenn. Johanne Ramsli Gjethammer, Tuva Hauge og Helene Nærum Wold kom hakk i hæl med 9 av 10 treff i jenteklassa. I guteklassa varta Vetle Fremmelid, Olve Dalebø Mork og Marius Sætre Hove opp med 9 treff og hevda med det seg heilt i toppen. Kevin Sigdestad trefte 7 , men med superfart i løypa, hang han også med i toppen.
I 11 års klassa deltok Signe Meek Aaslid og Vetle Dalebø Mork. Denne klassa skyter på liten blink og Signe imponerte med 7 treff, medan Vetle slo til med 6 treff.

I 13-års klassa var Volda godt representert med 5 utøvarar. Dette er kanskje den vanskelegaste klassa på skytinga, då dei no må skyte utan støtte på liten blink, og dei har i praksis same vanskegrad på liggande skyting som dei vaksne som deltek i verdscupen. Fredrik løyste dette best av våre med 4 treff og ein flott 7. plass. Hans Mork Topphol og Hallvard Engeset Woldsund fulgte hakk i hæl med 3 treff, medan Brede Driveklepp varta opp med superfart i løypa og kapra ein 5. plass, til tross for berre 2 treff. I jenteklassa fekk Volda sin einaste siger denne dagen. Turi Lise Totland trefte 4 og raskaste langrennstid gjorde at ho vann klassa der det skilde berre 30 sekund ned til ein 5. plass.
I Jenter 14 år feide Hanna Hoggen Gjærset ned 7 blinkar og vart med det nr 2, berre 1 sekund bak vinnaren. Anna Hjellen Haugland gjekk raskt i løypa og 4 treff holdt til ein 5. plass.

I gutar 15 år hevda Jens Hauge seg godt med 5 treff og ein 5. plass medan Torjus Engeset Woldsund var rett bak på ein 6. plass med 3 treff.

Torgeir Hauso var vår einaste deltakar i juniorklassene. Han starta godt med fullt hus på liggjande skyting, men «tomt» hus på ståande, sende han ned på ein 2. plass.

SOH00001 SOH00002 SOH00003 SOH00004 SOH00005 SOH00006 SOH00007 SOH00008 SOH00009 SOH00010 SOH00011 SOH00012

?
?

Det var godt å kome igong med sesongen, etter gode førebuingar i sommar og haust. Litt regn la ingen dempar på iver og glede i Hornindal på laurdag! No håpar vi at der kjem snø på Reset til 2. og 3. januar då vi skal arrangere Krinsmeisterskap i skiskyting.

Stikkord: ,