411 92 048 post@vti-ski.no

Stor deltaking frå Ørsta/Volda på Ullsrennet i langrenn i Markane.

VTI-ski Ukategorisert Stor deltaking frå Ørsta/Volda på Ullsrennet i langrenn i Markane.

Stor deltaking frå Ørsta/Volda på Ullsrennet i langrenn i Markane.

Hovdebygda IL og VTI Langrenn og Skiskyting hadde tilsaman 33 deltakarar på fristilrennet laurdag.
Det har vorte ein tradisjon for Hovdebygda langrenn å delta på Ullsrennet i Stryn. Her er det alltid gode løyper og stor konkurranse både frå skiskytterar og langrennsløperar frå heile Sogn og Fjordane og deler av Møre og Romsdal. VTI har vore gjennom eit generasjonsskifte i langrenn, men er no tilbake på sporet og stilte med 17 deltakarar på skøyterennet. Dei to klubbane har i haust samarbeida om ei fast trening i veka, og der er i ferd med å vekse fram eit stort og godt langrennsmiljø i Ørsta/Volda.
Laurdag: Hovdebygda langrenn stilte med 16 løperar. Beste plassering fekk Jørgen Gretland som vart nummer 3 av 15 i klasse G 11 år. Fort gjekk og Adrian Flote som imponerte med å bli nummer 4 av 15 i klasse G 15 år. Adrian har alltid vore svært treningsvilleg og fekk endeleg løn for strevet med dette gode resutatet.
Hovdebygda har dei siste åra hatt rulleskitreningar for ungar heilt ned til 7 år. Dette kan ein no sjå resultet av både i form av at  Hovdebygda sine yngste utøvarar hevdar seg høgt oppe på resultatlistene og i form av at ein stadig får nye rekruttar som debuterer i krinsrenn. På laurdag hadde Hovdebygda med to debutantar, Mathias og Emil Dyb Hovden som konkurrerte i klasse G 8 og G 10 år.
VTI Langrenn og skiskyting stilte med 17 deltakarar. Beste plassering fekk Turi Lise Totland som vart nummer 3 av 12 i klasse J13. Der var fleire frå VTI-Ski som gjekk fort laurdag. Torjus Engeset Woldsund var nøgd med 8 plass i G14. Mange debuterte i langrenn i dei yngre jente og guteklassane og nokon hevda seg heilt i toppen sjølv om dei debuterte på skøyteski for berre 6 veker sidan.
Søndag: Hovdebygda stilte med 16 løperar denne dagen og. Mange leverte gode resultat, og tilsaman vart det fem pallplasseringar til Hovdebygda. Blant anna fekk Jørgen Gretland 2. plass i klasse G 11 år og Nathalie Vatne Aa 3. plass i klasse J 12 år. Maria Sætre gjekk til topps i klasse J 15 år og Åsmund Øyehaug det same i klasse M 19/20 år.
VTI-Ski har ikkje heilt kome igong med klassisktreningar enno, og hadde berre ei deltakar i klassisk rennet. Turi Lise Totland fekk eit lynkurs i klassisk tidlegare i veka, men det vart vanskeleg å hevde seg like godt som i skøyting.
Tekst: Dag Jarle Aa og Rune Totland
?
?
?
?

Ulls_Bilde 7

?
?

Ulls_Bilde 5

?
?

Ulls_Bilde 3

?
?

Ulls_Bilde 1 Ulls_Bilde 9

Stikkord: ,