411 92 048 post@vti-ski.no

VTI Langrenn og Skiskyting til Holmenkollen med skarpladd tropp.

VTI-ski Ukategorisert VTI Langrenn og Skiskyting til Holmenkollen med skarpladd tropp.

VTI Langrenn og Skiskyting til Holmenkollen med skarpladd tropp.

I helga deltok Vti Langrenn og Skiskyting på Kvalfoss sprinten i Holmenkollen for 5 året på rad. Denne gongen stilte vi med 8 skarpladde rekruttar og 10 vaksne. 6 av rekruttane var med på dette nasjonale rennet for fyrste gong. Dei såg ikkje ut til å ha startnervar då alle gjorde sine saker bra.

Hans Mork Topphol stod for den fyrste sensasjonen, då han knalla ned 8 av 10 blinkar i 13 års klassa, berre 1 år etter at han starta med skiskyting. Mange treff er bensin ute i løypa og han gjekk fleire minutt raskare enn vi visste han var god for, og plasserte seg kring midten av resultatlista på sprinten laurdag. Hallvard Engeset Woldsund trefte 4 begge dagar og var godt nøgd med farten i sporet. Fredrik Nærum Wold oppdaga etter rennet laurdag at framsiktet var laust, og det var i grunnen godt gjort å treffe 3. Fredrik fekk solid revansje på Normalprogrammet søndag, der han likesågodt small ned 8 blinkar og kombinert med eit solid langrenn plasserte han seg midt på resultatlista i denne klassa med 120 deltakarar.

I Jenter 14 hadde vi to jenter som bytta på å vera best seg i mellom, frå laurdag til søndag. På sprinten trefte Anna Hjellen Haugland 6 og slo så vidt Hanna Hoggen Gjærset, som gjekk fortare og trefte berre 5, med 1 sekund. Søndag var rollene snudd om, då Anna gjekk fortast og trefte 6, medan Hanna trefte 5 og kom litt bak. På Normalprogram teller skytinga litt meir, og her plasserte desse jentene seg blant dei 40 beste omlag midt på resultatlista. Sigrid Vartdal deltok berre på sprinten og trefte 5 blinkar. Ho hadde sjukdom i kroppen og måtte stå av etter innskyting på Søndag.

I jenter 13 hadde vi berre ei deltakar, men det vart ho som sto for dei beste plasseringane denne helga. Turi Lise Totland var ganske misfornøgd med 5 treff og 28. plass på sprinten laurdag. Ho bestemte seg for revansje og knalla ned 8 blinkar på normalprogrammet søndag. Ho var også ei ny jente i løypa, der ho fossa fram til VTI Langrenn og skiskyting si beste plassering i Holmenkollen nokon gong, med ein imponerande 11. plass.

Den beste skyttaren i troppen vår heiter Torjus Engeset Woldsund. På sprinten Laurdag skaut han 10 blanke og skinnande treff og vart nr 45 i denne tøffe klassen med 100 deltakarar. Søndag var han ikkje verre på det enn at han skaut 9 treff. Løypa på normalprogrammet er lengre og tøffare enn på sprinten, slik at Torjus sleit litt med å plassere seg like godt på normalprogrammet.

Desse renna i Holmenkollen er sesongens hovudmål for mange av rekruttane våre i alderen 13-16 år. Heile troppen hadde ein fantastisk oppleving i strålande sol i Holmenkollen. Stormen «Tor» som blåste bort mykje av stadion utstyret fredag kveld såg vi ingenting til i helga, og vi opplevde usedvanleg jamne og gode skyteforhold til Holmenkollen å vera. Denne turen bidreg først og fremst med gode sosiale opplevingar og motivasjon til vidare treningsarbeid i åra som kjem, for rekruttane våre. Mange var kjempefornøgd med resultata sine og ingen var direkte misfornøgd.

HK16_Bilde 1

?
?

HK16_Bilde 3 HK16_Bilde 4 HK16_Bilde 5 HK16_Bilde 6 HK16_Bilde 7 HK16_Bilde 8 HK16_Bilde 9 HK16_Bilde 10

 

Stikkord: