411 92 048 post@vti-ski.no

Ullsrennet 2017

VTI-ski Ukategorisert Ullsrennet 2017

Ullsrennet 2017

VTI-ski: Konkurransesesongen i gang

I helga starta ski-konkurransesesongen for fullt: VTI tok pallplassar bode individuelt og på stafett:
Ullsrennet i Stryn gjekk over to dagar – med individuelt renn laurdag og stafettar sundag.

Volda Langrenn og skiskyting stilte med mange deltakarar i friteknikkrennet laurdag, og var representert i klasser frå ni år til spreke seniorar.

Me ser til stor glede at mange av løparane våre har heldt fram den gode utviklinga dei synte i fjor, og no verkeleg nærmar seg dei aller beste også sørover.
Dette lovar veldig godt for sesongen, og me gler oss til dei komande renna.  

Dei fleste jentene våre vart att i Stryn etter laurdagsrennet: Krinsen baud inn til jentesamling med overnatting, og 40 skijenter frå Sogn til Sunnmøre kosa seg utover kvelden og natta med skitrening og leik, god mat og godt prat!

 

Sundag var det klart for stafettar med ein klassisk etappe og to fristiletappar. VTI stilte tre lag, og neste stafett må me stille mange fleire, for stafett er veldig artig og spanande frå start til slutt: Nokre gongar klaffar alt frå nervar og smøring til teknikk og sporval, andre gongar vel ein feil…  men alt dette er læring og leik på same tid!  Alle laga gjorde ein herleg innsats, og på fleire etappar helt dei ein slik fart at lagkameratar, foreldre og trenarar hoppa i glede og spaning!

Dette ser ut til å bli nok ein forrykande skisesong for VTI langrenn og skiskyting! 

 

Kjenner du òg skigleda rykke litt i kroppen eller ynskjer at borna skal lære? -Rennplan, trenings- og skileik-oversikt ligg på vti-ski.no.  Velkome til oss!

God vinter!