411 92 048 post@vti-ski.no

VOLDAMEISTERSKAPEN LANGRENN

VTI-ski Ukategorisert VOLDAMEISTERSKAPEN LANGRENN

VOLDAMEISTERSKAPEN LANGRENN

VOLDAMEISTERSKAPEN LANGRENN
-tel med i VTI Sparebank1-cup 

Sundag 26. mars kl 1300

Resultatliste VM 2017-03-26

 

Førstkomande sundag 26. mars kl 13:00 er det Voldameisterskap i langrenn.

Voldameisterskapen er for alle, uansett alder. Me ynskjer å samle alle skiløparane i området til ein fin konkurranse og ein triveleg familiedag på Reset.
Da det i vinter diverre har gått bort nokre renn grunna snømangel i distriktet, vel VTI i år å by inn også grannekommunane til VM, som eit ekstra sonerenn.
VM tel også med i VTI Sparebank1-cup.

Voldameisterskapen er for alle, uansett alder.
Born fødde frå og med 2009 (8 års-klassa og under) går omlag 800m utan tidtaking.
9-12-årsklassene går 1,5km. (9-10 åringane har tid i resultatlistene men rangerast ikkje.)
13-14-årsklassene går 2,5km
15-16-årsklassene går 4km
Frå og med 17 år, junior og senior går 8km (kvinner) og 10km (menn)

I år vert Voldameisterskapen langrenn arrangert i klassisk stil.

Kiosk med vafler og pølser med meir høyrer med. (Kort, kontant eller mCash)

Påmelding via epost: skirenn@vti-ski.no  Gje opp namn, kjønn, fødselsår og idrettslag.  Påmeldingsfrist laurdag kl. 17:00

Startkontingent: kr. 100,- (kort, kontant eller mCash) ved nummerutdeling

I VM er det premiering til alle og vandrepokal til beste Voldaløpar i kvinne- og herreklassa.

Rennleiar Jonas Reitan 974 86 156