411 92 048 post@vti-ski.no

Sparebank1-cuprenn nr.3 og Sonerenn 7.februar, fristil

VTI-ski Ukategorisert Sparebank1-cuprenn nr.3 og Sonerenn 7.februar, fristil

Sparebank1-cuprenn nr.3 og Sonerenn 7.februar, fristil

Onsdag 7.februar er det klart for det tredje rennet i Sparebank1-cupen på Reset.
Vi minner om at Volda Langrenn og Skiskyting har vedteke forbud mot bruk av fluorglider i all vår aktivitet t.o.m. 16-års-klassene!
I tillegg til cuprenn vil arrangementet også ha status som Sonerenn for naboklubbane i vårt nærområde.
Sonerenna er tenkt som rekrutteringsarrangement og trimarrangement der ein kan få konkurrere i nære og mindre stemne. Det er gitt rom for deltaking heilt ned til fem år. Vi oppmodar alle som har lyst til å ta del i desse meir uformelle renna i nærområdet.
Vår sone består av kommunane Volda, Ørsta, Vanylven, Hareid og Ulstein.

 

Vi gjer det enkelt, – ingen påmeldingsavgift og heller ingen premiering på dette rennet.

Løypelengdene er tilpassa alder.

Rennstart 1830.

Påmelding som vanleg:
1.Born fødde i 2010 eller seinare går utan tid: Påmelding på staden 1745-1815
2.Fødde 2009 eller før meldast på via epost: skirenn@vti-ski.no innan kl 1600 onsdag. Gje opp namn, kjønn, fødselsår og lag.

Velkomne til flotte skiforhold på Reset.

Resultatlist070218