411 92 048 post@vti-ski.no

KM Sprintstafett fristil

VTI-ski Ukategorisert KM Sprintstafett fristil

KM Sprintstafett fristil

KM SPRINTSTAFETT, fristil, Volda, laurdag 3.mars 2018

Volda Langrenn og Skiskyting arrangerer Krinsmeisterskap i Sprintstafett (2-manns stafett), laurdag 3. mars på Reset i Volda.
I tillegg til KM for aldersklasser 13-14 år og eldre, vil det bli arrangert Sonerenn/Krinsrenn i sprintstafett for yngre årsklasser, 9-12 år.

Sprintstafetten arrangerast med 2 løparar per lag.
Kvar løpar skal gå 2 eller 3 etapper, annan kvar gong (distanse/tal etapper etter årsklasse)
Ei jente kan stille på gutelag. Det er opning for klubbsamarbeid, dvs. at løparar frå ulike klubbar kan stille på same lag. Arrangør kan også gi dispensasjon for å gå i andre årsklasser.
Det vil ikkje bli arrangert innleiande semifinaler, kun «direkte» finaler i dei ulike årsklassene.

Påmelding klubbvis ved påmeldingsansvarleg i SportsAdmin,
el. send epost til skirenn@vti-ski.no innan onsdag 28.februar.

Vi følgjer Skikretsen si oppmoding og oppfordrar til eit fluorfritt arrangement ved bruk av fluorfri glider. Dette gjeld særleg for årsklassene frå 16 år og yngre.
Vi vil kome med glidertips i dagane før rennet på vår heimeside www.vti-ski.no

Vi minner også om at Hovdebygda IL arrangerer Sparebank Møre Cuprenn nr. 8 på Bondalseidet søndag 4 mars. For tilreisande løparar kan aktuelle overnattingsstadar vere Volda Turisthotell, Hotell Ivar Aasen (Ørsta), Nipehyttene (Ørsta), Sagafjord Hotell (Sæbø).

VI YNSKJER ALLE HJARTELEG VELKOMNE TIL SPRINTSTAFETT!

Innbyding til KM 2manns stafett 03.03.2018 Løypeoversikt Stadionkart