411 92 048 post@vti-ski.no

KM SPRINTSTAFETT – LITT PRAKTISK INFO

VTI-ski Ukategorisert KM SPRINTSTAFETT – LITT PRAKTISK INFO

KM SPRINTSTAFETT – LITT PRAKTISK INFO

Påmelde lag:
Pr. fredag ettermiddag er det påmeldt ca. 35 lag.
Vi legg opp til 5 startpuljer/heat.
Det kan vere maks. 10 lag pr. heat (pga. begrensning i tidtakarsystemet)
Alle lag i kvart heat må vere i mål før neste heat kan starte.

Start – Veksling – Målgang:
Kvart lag stiller opp med løpar nr. 1 i startfeltet.
Dei fyrste 30 meter er det stakesone med klassisk spor med forbod mot skøyting.
Ved veksling passerer løpar nr. 1 målflagget, og fortsetter vidare til vekslingsona.
Veksling med løpar nr. 2 må skje innfor sona «START VEKSLING» OG «SLUTT VEKSLING».
Løpar som har pause skal opphalde seg i vekslingssona.

Førebels tidsplan (kan bli justert):
Kl. 13.00 – 800 m: Mix 9/10 år (8 lag)
Kl. 13.25 – 800 m: Jenter 11/12 år og Gutar 11/12 år (2 lag J + 7 lag G = 9 lag)
Kl. 13.50 – 1000 m: Jenter 13/14 år (3 lag)
Kl. 14.25 – 1000 m: Gutar 13/14 år (8 lag)
Kl. 15.00 – 1200 m: Gutar 15/16 år, junior/senior både kvinner og menn (samla 7 lag)

Førebels tidsplan er sett opp utifrå stipulerte etappetider og litt «buffer» tidsmessig til neste heat.
Vi satsar på å få lagt ut startlister i løpet av fredag kveld.
Dersom det er rom for å framskunde dei siste startpuljene vil dette kunne bli gjort i samråd med dei innvolverte laga.

Premieutdeling:
Så snart siste startpulje er komt i mål, ca. kl. 15.30 .

Klubbsamarbeid – mixlag:
For å auke deltakinga er det opna opp for at løparar frå ulike klubbar kan stille på felles mixlag.
Møre og Romsdal Skikrets v/langrennskomitèen presiserer at eit slikt samarbeidslag ikkje kan få tittel «Krinsmeister».
Der må det kun være reine klubblag.

Sperreområde for EMIT-brikkene – VIKTIG!
Vårt tidtakarsystem har sensor for registrering av tid under målseglet like utanfor klubbhuset.

For å unngå problem med feil i tidtakinga, er det særs viktig at løparane ikkje passerar målseglet under oppvarming eller når andre sine heat pågår.
Vi har også erfart at brikkene slår inn på systemet når ein oppheld seg inne i klubbhuset like innanfor sensoren ved målseglet.

Derfor må det bli brikkefri sone innvendig i klubbhuset, og i ei sperresone i eit avgrensa område rundt målseglet.
Vi vonar dette kan respekterast, slik at vi unngår feil med tidtakinga.

VI YNSKJER ALLE HJARTELEG VELKOMNE TIL SPRINTSTAFETT!