411 92 048 post@vti-ski.no

Sparebank1-cuprenn / Sonerenn onsdag 20. februar

VTI-ski Ukategorisert Sparebank1-cuprenn / Sonerenn onsdag 20. februar

Sparebank1-cuprenn / Sonerenn onsdag 20. februar

Vi er klar for fjerde renn i cuprennserien.

I tillegg til cuprenn vil arrangementet også ha status som sonerenn for naboklubbane i vårt nærområde.
Sonerenna er tenkt som rekrutteringsarrangement og trimarrangement der ein kan få konkurrere i nære og mindre stemne. Vi oppmodar alle som har lyst til å ta del i desse meir uformelle renna i nærområdet. Hovdebygda IL arrangerer sonerenn 23.03.2019.

På dette sonerennet er det premiering til alle deltakarar.

Startkontingent: Barn utan tid 50 kr, løparar på tid 100 kr, familie 300 kr. VIPPS og kontant betaling.

 

No onsdag 20/2 er det FRISTIL.

Sparebank1-cup i langrenn er for løparar frå og med barnehagealder til og med superpensjonistar.

Løypelengdene er tilpassa alder.

Rennstart 1830.

Påmelding: — OBS! FRIST TYSDAG for dei som går på tid —

Born fødde i 2011 eller seinare går utan tid: Påmelding på staden 1730-1815
Fødde 2010 eller før meldast på via epost: skirenn@vti-ski.no innan kl 2000 TYSDAG! Gje opp namn, kjønn, fødselsår og lag.

Betalingsinfo cupen: 250 kr pr barn, 300 kr pr vaksen, 500 kr pr familie – VIPPS nr 502873. Ein betaler når ein har gått tre renn. Premieutdeling etter sesongen.

 

Startliste 2011 og yngre 20.02.19

Komande cuprenn:

laurdag 31. mars – Voldameisterskap klassisk (tel også i cupen)