411 92 048 post@vti-ski.no

Ny dato for dugnad Reset !! Blir Laurdag 28/9-19

VTI-ski Ukategorisert Ny dato for dugnad Reset !! Blir Laurdag 28/9-19

Ny dato for dugnad Reset !! Blir Laurdag 28/9-19

Dugnad for trakking av langrennsløype på Reset 
Det er no tid for litt dugnad for trakking av langrennsløypene våre.
Vi skal utføre bygging av nytt skiutleigehus til skisenteret. Dette er eit modulhus som kjem levert på Reset dei nærmaste dagane.
Vi skal røyse dette, og innreie halve huset i løpet av hausten, fram til sesongen startar. Har allereie fått rive det gamle skiutleigehuset, og fått det i containerar.
For dette arbeidet får vi sju år med trakking. Avtalen vi hadde på trakking gjekk ut ved nyttår i 2018, denne avtalen blir gjeldande frå då og sju år framover.
Laurdag 28/9 er det etter planen byggestart. Då skal alt betongarbeidet vere klart. Skisenteret stiller med mobilkran for å krane på plass modulane og takstolane. Vi må vere ein god arbeidgjeng, slik at vi får tett hus ganske raskt. Det vil bli ein del dugnadskveldar/ laurdagar utover hausten. Desse vil bli annonsert på Facebook VTI-ski og på nettsida.
Det er viktig at vi alle prioriterer å møte på desse dugnadane, slik at løypenettet vårt vert trakka dei neste åra. Dersom vi ikkje rekk dette på dugnad, må vi leige inn hjelp for å få dette i mål. Då er det vi som må dekke kostnadene ved innleigt hjelp. Det håper vi å sleppe.
Vi startar laurdag 28/9 kl 09.00 med røysing av huset.
Vel møtt til dugnad på Reset!
Mvh styret i VTI Langrenn og Skiskyting