411 92 048 post@vti-ski.no

Medlemskap

VTI-ski Medlemskap

Medlemskap

Medlemskap i Volda Langrenn og Skiskyting (VTI-ski): – send E-post til post@vti-ski.no

med følgjande data: Namn, fødselsdato, adresse og gjerne telefonnummer. -Hugs data for alle ved familiemedlemskap.

 

VTI – Volda Turn- og Idrottslag,
-ein felles kontingent for alle idrettar via VTI Allianse

 VTI Allianse er ei felles overbygning for alle idrettane innanfor VTI. Dei ulike idrettane er organisert i aktivitetslag under allianselaget.

Som medlem betalar du berre ein medlemskontingent sjølv om du er aktiv i fleire aktivitetslag innanfor alliansen.1)

Medlemsinnmelding må skje via kvart enkelt aktivitetslag, slik at ein blir registert med tilknyting til ein eller fleire idrettar. VTI Allianse samlar og kryssjekkar listene frå kvart aktivitetslag, og du får tilsendt ei rekning med berre ein medlemskontingent, men påført kva idrettar du er knytt til.

Alle, bode born og vaksne, som vil ta del i Volda Langrenn og Skiskyting (eller andre VTI-lag) sine aktiviteter, treningar, renn osb. må vere medlem av hovudlaget VTI allianse!

Medlemskontingenten i VTI allianse er (2015-satsar):

Born (t.o.m.15 år i.l.a. året) kr. 125,- pr. år Over 15 år kr. 250,- pr. år Familie kr. 450,- pr. år

Støttemedlem kr 100,- pr. år

Også alle som er tillitsvalde i VTI (leiarar, trenarar osb) må vere medlemmer av VTI Allianse. Dette er eit prinsipp som gjeld for alle lag som er med i Noregs Idrettsforbund.

Aktivitetslaga/idrettane har i tillegg til medlemskontingenten ei treningsavgift, som går til sjølve aktivitetane og drifta av laget og anlegga.

I VTI Langrenn og Skiskyting har me som mål å halde treningsavgifta så låg som råd, slik at flest mogleg kan ta del. Styret og trenarar gjer jobben på dugnadsbasis.
Treningsavgifta for VTI-ski blir sendt ut på eigen giro.

Dei som er registrerte som aktive eller som har vore medlem av VTI tidlegare får normalt tilsendt giro med KIDnr. Om du betalar på annan måte merk namnet på dei som medlemskapet gjeld og kva gruppe dei er knytt til, til dømes «VTI Langrenn og Skiskyting» eller om du vil kortforma «VTI-ski».

Om du ikkje lenger sjølv er aktiv eller har barn som er aktive i VTI håper vi du kan halde fram som støttemedlem.

1) Det finns idrettslag i Volda som står utanfor VTI. Døme på lag som står utanfor er Volda Handball og KFUM/KFUK Volda).